↑ Return to Sogn modellfly

Flystripene våre

Flåten Modellflyplass:

Dette er nye flyplassen vår. Den ligg i Kvam i Sogndal Ca 2-3 km frå Sogndal sentrum. Stripa ligg på garden til familien Flåten. Dei har vært så snille å leige ut ein del av jorde sitt til flyplassen vår. Stripa er pr dags dato 65 meter. Målet vårt er å få ho opp i 85-100 meter. Stripa er fortsatt litt ujavn, ettersom dette er blitt brukt som jorde gjennom generasjonar. Det vart også tidligare brukt som potetåker. Stripa vart først teken i bruk sommaren 2010.

Sommaren 2012 hadde me ein stor dugnad, der me fekk lånt gravemaskin og traktorar til å fylle på med ein god del massar for å få retta av stripa. Stripa er no langt betre enn tidlegare, og graset byrjar sjå bra ut. Stripa fungerar fint til 40. og 60. modellar idag, sjølv om Oddgeir har landa sin You Can do 3d giant på stripa. Ein får litt problem med enkelte raske modellar.

DSC_0808

Parkeringstilhøva er ordna sommaren 2012. Me har no laga veg over ein bekk, slik at ein kan køyre ned til stripa. Parkering ved stripa er på eige ansvar.

På stripa er det montert 6 lange bord som blir brukt som arbeidsbenkar, for rigging av utstyr. Hellipaden vart flytta sommaren 2010, og det er no mogeleg for folk som vil “hovre” å gjere det bak stripa slik at dei ikkje står i vegen for andre pilotar.  Me oppmodar alle til å fylgje reglemanget som de finn på stripa og her på heimesida vår.

Det er montert webkamera over stripa, slik at ein kan logge seg på webkameraet for å sjå om det er aktivitet på stripa eller for å undersøke vær og vind.

Sesongen 2012 har vært ein stor sesong for Sogn Modellfly. Me har fått mange nye medlemmar, mange folk som kjem på “onsdags-flygingane” våre for å sjå. Me har også klart å rekrutere ein god del folk. Dette tykkje me er kjempekjekt. Det er dette me har jobba for, og det er difor kjekt å sjå at me lykkast.

Sjå kontakt oss for å veiledning til stripa.

Hafsloisen:
IMG_0478

Me flyg på vinterstid også. Sjølv om tempraturmålaren nærmar seg 15-20 minusgrader er det mange som trossar kulda og står på Hafsloisen å flyg. Me held oss ved Hafslo Kyrkje. Nærmare sagt utafor huset til Johannes Sanden. Sesongen startar som regel 2.juledag. Då pleier Hafsloisen å være trygg. God og fin stålis på denne tida. Etterkvart som snøen kjem brukar me fres til å halde stripa rein for snø. Me brøyter ei stripe på 10×100 meter omtrent. Her flyg me som regel til nærmare påske. Er sjeldan me får flyge på isen i påsken, ettersom det er så mildt at isen blir full av vatn. Mykje fin flyging i perioden januar til mars. Isen på Hafslo er alltid vindstille, og det er mykje sol i periodar. Dette gjer til at me får mange fine dagar med flyging.

Følg med på heimesida vår eller facebook, så får du med deg kor tid me er på isen å flyg.

Bilbane:

Etter ynskje frå mange har me funnet plass til ei bilbane. Det vart vedtatt i styret at me skulle prøve å få til dette sidan det ikkje er noko tilbod om dette andre plassar lokalområdet. Me har til dels rydda plass til denne bana som blir på Flåten flyplass (ved sidan av stripa). Det er endå ikkje klar noko bane, det må noko dugnadsarbeid til med motorsag og grafse for å få denne i stand.

Sogn modellfly kjem ikkje til å gjere noko meir med denne bana før det kjem inn folk som er intereserte i å køyre og vil ta i eit tak for å få i stand bana. Dersom du ynskjer å køyre bil, og kanskje har andre kjendte som vil det samme ta kontakt med oss. Me har plass til ei bane, det einaste som trengs er litt dugnad. Sogn modellfly er gladeleg med å hjelpe til, men me ynskjer at det kjem inn nokon som tek initiativ.