↑ Return to Sogn modellfly

Reglar for bruk av flystripe

1.  KVEN KAN FLY?

Personar som er medlem i Sogn Modellflyklubb eller har ein avtale med Sogn Modellflyklubb.

Heimesida til klubben er  www.sognmodellfly.com

 

2.  KOR TID ER DET LOV Å FLY?

Kvardagar fra kl. 0900 til kl 2100

Laurdagar fra kl. 1000 til kl 2100

Søn- og helligdagar frå kl. 1200 til kl 2000
For seglfly / fly med elektromotor som er stillegåande, er det ingen restriksjonar.

Det kan skje tilfeller der desse tidene blir forandra. Følg oppslag på flyplassen og på klubbens internettsider.

 

3.  RADIODISIPLIN!

No brukar dei fleste 2,4GHz sendar, den styrer frekvensane sjølv,

Dei som har det gamle systemet på 35MHz må sjølve sjå til at den frekvensen

dei brukar er ledig. Slå ikkje på radioen før du har sjekka at frekvensen er ledig.

 

4.  KORLEIS DU FLYR

Den / de som allerede flyr må først godkjenne at andre flyg samtidig. Det er ikkje tillatt å starte opp motorar mens flyging pågår utan at den/de som flyg godkjenn dette. Landingar skal annonserast høgt og tydeleg og i god tid, ved høglytt stemme ”LANDING”. Pilot som landar har prioritet.

PILOT MED FLY I BEVEGELSE ER ANSVARLEG FOR SKADE PÅ LEGALT PLASSERT UTSTYR.

 

5.  SIKKERHEIT

Flyging utføres der Sogn Modellflyklubb bestemmer.

Sjå på kartet og følg dei retninglinjene som me har laga

Det er ikkje tillatt å fly over depoet og parkerte bilar.

Motorfly og Helikopter flyg frå stripa og utover mot fjorden,

Unnatak er seilfly/motorseilfly som flyg heng, dei kan fly bak flystripa, gi beskjed til andre kva du driv på med, fly ikkje over depoet.

Me skal på sikt få gjeringar som skiljer stripa og depoet.

På dagar der me er fleire enn 3 som flyg, og det er mange tilskuarar så startar me opp motoren i startboksen for å hindra farlige og ukontrolerte situasjonar med løpske fly.

Motorar skal ikkje startast i depotet når me er fleire en 3 stk. Ved justering av motorar eller ved innkøyring av motorar skal dette skje på god avstand fra depotet. Alle har plikt til å informera og rettleia flygere slik at sikkerheiten til eikvar tid er ivaretatt i hht. Sikkerhetsinstruks.

For å få ned antall tilfeller av utelandingar eller deler som feller av i lufta så er ALLE pliktige på å være sikker på at flyet er FLYDYKTIG før ein tek av.

Spør gjerne ein av dei mest erfarne pilotane om du er usikker.

 

6.  FORSIKRING

Den som bruker modellflyplassen er selv ansvarlig for å være forsikret mot skade på personer og utstyr i forbindelse med flygningen.

Det kan anbefalast på det sterkaste å være medlem i NLF. Der får du forsikring.

NLF: http://www.modellfly.info/

Bli medlem: http://www.nlf.no/MELWIN/Sider/BliMedlem.aspx
Kan anbefale å bli medlem i Hallingdal flyklubb eller Valdres flyklubb/modell, ettersom Sogn Modellflyklubb ikkje er ein offisiell klubb enda. Der er medlemsavgifta berre 25kr i året + avgifta til NLF.

ALL BRUK AV FLÅTEN FLYPLASS SKJER PÅ EIGE ANSVAR,

Styret eller andre har ikkje noko økonomisk ansvar på det du skulde gjøre skade på.

 

7.  MOTORSTØY

Kvar modellflygar skal gjere sitt ytterste for å holde eit so lågt støynivå som mulig.

Sogn Modellflyklubb kan nekte fly med for høgt og tydeleg skjemmande støynivå å benytta flyplassen. Prøv å vis litt hensyn med støyende modeller over husa i Kvam

når me veit at folk er ute, eks. fredag kveld og laurdag kveld.

Køyr forsiktig frå riksvegen og opp til Flåten modellflyplass.

 

8.  GENERELT

Det er alle brukeranes ansvar å påsjå at overståande reglemang blir overholdt.

Hold orden og rydd opp etter deg.

Personar som ikkje kan innordna seg vil bli viste vekk.

 

9.  UNNTAK

Berre styret i Sogn Modellflyklubb kan gjøre unntak frå overstående regler.