↑ Return to Sogn modellfly

Om klubben

Sogndal RC Klubb vart stifta i 1979.

sogn modellfly

Dei siste åra har det ikkje eksistert nokon klubb, sjølv om Sogndal RC klubb aldri vart lagt ned
Me har flygd på fotballbanene i moane på Hafslo (Sogndal sitt treningsfelt) i mange år. Dette har fungert greit, med tanke på at me slapp å tenke på å holde graset nede. Minuset har vært mykje fotballtreningar og til tider naboar som irriterar seg over bråk.

Det har lenge vært snakk om å få klubben opp å gå igjen. Problematikken har vært flystripe. Me har ikkje hatt muligheit for å hatt ei permanent flystripe. Når Rolf Flåten og familien hans kom med tilbod om flyplass under fjøsen deira, såg me dette som eit godt alternativ.

Etter mykje att og fram bestemte me oss for å prøve på å lage flystripe.

Dette krevde ein del dugnad. Dette er ei jorde, så me måtte slå graset med slåmaskin og skjære ned mykje trær for å få det til.
Etter mange timars arbeid fekk me oss ei brukandes stripe.

Klubben som ein gang var Sogndal RC klubb blir no Sogn Modellflyklubb.  Klubben blir ikkje offisiell med det første, men på sikt håpar me å få til dette.

Av pilotar er me idag omtrent 10 aktive. I tillegg har me 7-8 stk som har fly men som ikkje flyg så mykje lengre. Håpar no når me har fått til noko nytt, at dette kan være med på å dra med fleire.

Klubben har mange pilotar som set inne med mykje kunnskapar innan fly og hellikopter. Er du ny på området må du ikkje være redd for å ta kontakt med oss. Me hjelper gjerne til.

Vinteren 2012 vart det laga eit styre i Sogn Modellfly.
Styreleiar er Rolan Skartun.
Kasserar er Oddgeir Sanden
Sekretær og styremedlem er Frank Neset
Styremedlem 2 er Tore Lie