«

»

Jan 31

Gaui NX4 bygging del 3

No kjem det ein kort post, men eg har gjort mykje!

 

Tanken er komen i, servoane er på plass, og eg er vel stort sett klar for å montere mottakar og setje opp!

Men……

Eg får ikkje opp skruene i featheringshaften slik at eg får bytt demparar fra 75 grade til 90 grade. (svart til raud). Eg har også prøvd med varme. .

Tail Pitch slideren var også defekt, slik som eg har lese på forum at kunne være ein svakheit. Eg varma den godt opp med loddebolten slik at locktiten skulle sleppe. Men messingen som er skrudd inni knakk rett av. Eg har ein teori om at dei skrur dei for hardt inn når dei monterer på fabrikk. Eg har fått ny del tilsendt fra flying-hobby. Men eg trur eg kjem til å bruke ein tail slider fra Align for å være sikker. Den som var sendt som erstattning var også montert fra fabrikk.

 

Resten var egentlig plug & play. 🙂 Legg merke til trikset med drill og linker 😉

 

Leave a Reply