«

»

Jan 17

NX4 Bygging

I dag vart det endelig tid. Eska vart opna og dyret sleppt laus.

Manualen er bra. men desverre ikkje noko godt system på posane med dei forskjellige delane. Hja F.eks Align er delene pakka ilag slik at ein slepp i leite etter deler og skruer. Dette er ikkje tilfelle hja Gaui. Derimot er manualen veldig nøyaktig på kvar dei forskjellige skruane skal, det er også bilde av skruer attmed teikningane i 1:1 slik at ein kan måle seg fram. (men det er fortsatt ikkje lett å sjå forskjell på ein 3×8 og ei 3×6 skrue! Senkehove og maskinskruer er pakka om kvarandre. Men det løyste seg tilslutt. 🙂

På ca 2,5 time i dag har eg montert saman ramma og clutch klokka. Clutch’en er vesentlig enklare å komma til på denne enn på f.eks trex 600. Det er veldig positivt om ein skulle ha ein hot-start og treng ny liner 🙂 Eg har også rensa dei fleste skruene som var med i raudsprit slik at det er klart for å ha på locktite når dei skal inn 🙂

Ein bygger først eine rammesida før ein set den samen med den gamle. Ein bra måte å byggje på. Clutch klokka set ein inn etter at rammene er spleisa.

Eg legg ved litt bilder.

 

1 comment

  1. steinar

    Bra jobba 🙂

Leave a Reply